Edel Sider feirer 10 år – frå draum til prisvinnande sider

I mai markerer Åkre Gard eit stort jubileum: 10 år sidan den første batchen med Edel Sider blei lansert. Det som starta som ei lita fermentering i 2014, har utvikla seg til ein prisvinnande sider med internasjonalt ry. Edel Sider har blitt omtalt som "frisk samtidig dyp" av siderentusiastar på Untappd, og fleire variantar har fått høge poengsummar i norske siderkåringar .

Bak suksessen står Arita og Gjermund Åkre, som har kombinert generasjonar med frukttradisjon med moderne produksjonsmetodar. I dag er Edel Sider å finne på menyen til fleire anerkjente restaurantar, både i Noreg og internasjonalt .

Se alle våre Edel-produkter her

Forrige
Forrige

Opplev smaken av Hardanger – bli med på sidersmaking på Åkre Gard