Om Åkre Gard
Med Folgefonna i ryggen og Sørfjorden ved føtene står trea på Åkre, Nå og Måge rakrygga gjennom årstidene – som eit symbol på styrken, uthaldet og stoltheita til gardane og folket som har dyrka jorda her i generasjonar.
Åkre Gard har vore i familien gjennom ti generasjonar. Frå dei første bøndene som planta dei første epletrea, til dagens drift ved Gjermund Åkre, har det alltid vore frukta og naturen som har vore kjernen i arbeidet. Garden omfattar i dag både Åkre og Måge, og er heim til om lag 30 ulike eplesortar, i tillegg til plommer, morellar og kirsebær – alt dyrka med omsorg, og vidareforedla til unike drikker med smak av landskapet dei kjem frå.
Eit utval av desse fruktene blir til sideren Edel, samt drikkene Blaane, Fylgje og Løynd – produkt som ber med seg både smaken av Vestlandet og historia til gardane.
På Åkre Gard held vi fram med å dyrka og foredla med same respekt for naturen og historia som generasjonane før oss. Med tradisjon som fundament og framtida i blikket, skapar vi smakar med røter.
Kontakt oss
-
Garden Åkre
5776 Nå -
ordre@aakre-gard.no
-
+47 958 55 683