Gardsfolka

Bak Åkre Gard står Gjermund Åkre – den tiande generasjonen fruktdyrkarar på garden. Med djup respekt for jorda og historia vert garden drifta vidare med både tradisjon og nyskaping.

Eventyret tok ei ny vending hausten 2014, då den første batchen med eplemost fekk gjære på eige vis. Våren etter var dei første dråpane med sider klare – og sidan har det berre vokse. I dag Gjermund bak heile prosessen – frå planting og innhausting til pressing, fermentering og tapping.

Etter ti år i olje- og gassindustrien valde han å vende tilbake til røtene. Landbruket, naturen og vidareforedling av frukt blei meir enn ein jobb – det blei eit livsprosjekt. Gjennom hardt arbeid, lidenskap og sans for kvalitet har Blaan, Edel, Fylgje og Løynd kommet til.

På Åkre Gard møter du mennesker med stø hand og stort hjarte – for garden, frukta og framtida.

Kontakt oss